Quantcast
Channel: utdanning.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11795

Drakt og samfunn - Kjelder og metode

$
0
0
"Drakt og samfunn: Kjelder og metode» er eit emne innan den kulturhistoriske og kulturteoretiske fagkrinsen. Emnet gjev ei innføring i omgrepa folkedrakt, folkeleg mote og bunader, sett inn i allmenne kulturhistoriske rammer. Etter fullført kurs har deltakaren basiskunnskapar i kjeldekritikk og draktvitskapleg metode.

Etter fullført kurs har deltakaren ei elementær forståing av omgrepa folkedrakt, folkeleg mote og bunad. Dette vil gje ei naudsynt forståing av fagfeltet som heilskap som dannar grunnlaget for opptak til dei 5 andre emna i studiet der ein fordjupar seg i desse omgrepa. 

Deltakarane skal øve seg i draktvitskapleg metode, samt bruk og tolking av ulike typar kjelder og oppgåveskriving.

 

DANS6021 er eit av seks emner som utgjør studiet Drakt og samfunn på 45 studiepoeng. DANS6021 er obligatorisk for opptak til dei andre emna i studiet. Emnet kan takast som del av ei Bachelorgrad.

 

Dei andre emna er:

2. Drakt og samfunn: Tilverking (DANS6022)
(Samling: 26.-30. januar 2015)
3. Drakt og samfunn: Drakthistorie (DANS6023)
(Samling: 16.-20. mars 2015)
4. Drakt og samfunn: Folkedrakt (DANS6024)
5. Drakt og samfunn: Folkedraktforskning i Norden (DANS6025)
6. Drakt og samfunn: Bunad og revitalisering (DANS6026)

Meir informasjon om emna og høve til å søkje opptak til dei, vert lagt ut på nett seinare. Alle som tek eksamen i DANS6021 vil få tilbod om å søkje opptak til neste emne.

Læringsmål:

Etter fullført kurs skal deltakaren ha

  • ha ei grunnleggjande forståing av det bunad- og folkedraktfaglege feltet som dannar grunnlag for forsking på, og vidare arbeid med, folkedrakt og bunad, både som kulturhistoriske leivningar, og som kulturelle fenomen
  • kjenne til sentrale omgrep i faget, som til dømes folkedrakt og folkeleg mote.
  • ha kunnskap om dei kulturhistoriske omgrepa
  • kjenne til sentrale kjeldegrupper i faget
  • kjenne til dei kulturhistoriske rammene
  • kunne anvende draktvitenskapeleg metode
  • beherske kjeldegransking
  • kunne dokumentere eiget arbeid
  • kunne presentere ei problemformulering rundt eit draktmateriale i ein kulturhistorisk samanheng
  • kunne oppdatere kunnskapen sin innanfor fagområdet
  • kunne formidle forsking kring folkeleg drakt og motedrakt både skriftleg og munnleg
  • kunne planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med gjeldande krav og retningsliner

Drakt og samfunn skal gjennom samlingsbasert undervisning gje både praktisk og teoretisk brei kompetanse på det folkedrakt- og bunadfaglege feltet i ein kulturhistorisk kontekst. Faget har ein naturleg forankring i det tradisjonelle handverket, og vil gje ei innføring i utvalde saumteknikkar. Med faget tek ein sikte på å leggje grunnlaget for draktkunnskap som eigen disiplin.

 

 

Programkode: 
DANS6021
Undervisningssteder: 
NTNU VIDERE Trondheim
Søknadsfrist: 
Tirsdag, 1. juli 2014
Studiepoeng: 
7.50
Studiet tilbys ved: 
Studienivå: 
Annen utdanning
Studietempo: 
Etter- og videreutdanning: 
Ja
Opptakskrav: 
Generell studiekompetanse eller realkompetanse (Realkompetanse vert vurdert etter særskild søknad).
Utveksling: 

Viewing all articles
Browse latest Browse all 11795