Quantcast
Channel: utdanning.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11795

Veterinærutdanning

$
0
0

Kor lang er utdanninga?

- Veterinærutdanninga kan fullførast på enten fem og eit halvt år eller seks år.

Kvifor valde du denne utdanninga?

- Først og fremst er eg veldig glad og interessert i dyr, også likar eg fag som biologi og anatomi. Eg har veldig lyst til å hjelpa dyr til å få det betre. Dyra kan jo ikkje sjølv fortelle kvar dei har vondt, så eg synest det er veldig fint å kunne finne ut kva som er problemet, dersom eit dyr plagast.

Kva er opptakskravet?

- Du må ha matte R1, kjemi 1 og kjemi 2 i tillegg til generell studiekompetanse.

Les meir om veterinærutdanning

Korleis er utdanninga lagt opp?

- Dei første tre åra inneheld relativt mykje teori, men etterkvart vert det med meir praksis og jobbing med dyr rundt på gardar eller på klinikkar. Gjennom heile studiet er det mykje førelesningar, men me jobbar også på laboratoriet.

Me skjerer også ein del i døde dyr når me skal læra oss anatomi.

Eksamen kjem i litt ulike formar. Nokre er multiple choice (fleirvalgsoppgåver) og nokre er munnlege, men dei fleste går ut på å skrive litt lengre eksamensoppgåver. Siste året har ein også praktisk eksamen, der ein skal undersøke ulike dyr.

Kva liker du best ved utdanninga?

- Eg likar at ein lærar veldig mykje om dyras biologi, fysiologi og anatomi. Slike ting synest eg er veldig spennande og dette er ting me lærar veldig mykje om.

Også likar eg at det er ein del praksis og at ein får vera litt ute.

Kva misliker du ved utdanninga?

- Eg kunne ønske at det var meir praksis tidlegare i studiet.

Kva for personlege eigenskapar er viktige for denne utdanninga?

- Eg synest det er viktig å vera glad i å jobba med både dyr og menneske. Ein har ganske mykje kontakt med dyreeigarane, kanskje meir enn ein skulle tru.

Elles trur eg ein må vera interessert i å læra om korleis ulike organismar fungerer.

Kva kan du jobbe med når du er ferdig utdanna?

- Mange dyrlegar jobbar i privat veterinærpraksis, men mange jobbar også i Mattilsynet, oppdrettsnæringa, legemiddelindustrien eller med undervisning og forsking.

Ein kan jobbe med ulike typar dyregrupper, for eksempel produksjonsdyr, som er storfe, sau, gris og høns. Ein kan også jobbe med smådyr, som er alt frå marsvin til hund, eller ein kan jobbe som fiskeveterinær.

Veterinærstudent Rannveig Farestveit saman med ein hest

Tekst: Anita Finne

Innholdsnivå: 
Universitet og høgskole
Navn: 
Rannveig Farestveit
Alder: 
25 år
Arbeidsplass: 
Veterinærutdanninga ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)
Sitater: 
Dyra kan jo ikkje sjølv fortelle kvar dei har vondt, så eg synest det er veldig fint å kunne finne ut kva som er problemet
Eg synest det er viktig å vera glad i å jobba med både dyr og menneske.
Yrke: 
Veterinær
Illustrasjonsfoto: 
Veterinærstudent Rannveig Farestveit saman med dyra i fjøsen
intervjutype: 
Utdanningsintervju
Ekstra bilder: 
Det er viktig å ha god kjemi med dyra som veterinær
Veterinærstudenten har alltid hatt interesse for dyr
Dyr er også gode turkameratar for veterinærstudenten

Viewing all articles
Browse latest Browse all 11795