Quantcast
Channel: utdanning.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11803

Maritim fagskole (dekksoffiser)

$
0
0

Kor lang er utdanninga?

- Utdanninga er i utgangspunktet på 2 år. Ein kan ta det på eit år også, men då begrensar det kva type sertifikat ein får i etterkant.

Kvifor valde du denne utdanninga?

- Det har mykje med kva eg er vane med og oppvaksen med, samt er det noko som interesserar meg. Eg har mange i familien som er på havet og eg har vore mykje saman med dei. Elles likar eg meg godt på havet og det er det som kjennes rett ut for meg.

Eg synest det er spennande å læra om korleis ein har kontroll over kva som skjer, korleis båtar er bygd opp og korleis ein styrer båtar. Det er også kjekt å læra om ulike navigasjonssystem, vedlikehald, samt sikkerheit rundt alle desse tinga.

Kva er opptakskravet?

- 36 månadar effektiv fartstid eller så må ein ha fagbrevet som matros. Eg valde å ta matros før eg begynte på denne utdanninga for å få meir kunnskap om båtar, samt ekstra fartstid.

Korleis er utdanninga lagt opp?

- Første året er opplæring til operativ utdanning, mens andre året er lederutdanning. Moral, haldningar, kompetanse og yrkesetikk er også ting som ein lærar gjennom denne utdanninga.

Undervisninga består av både av teori og praksis, med fag som matte, fysikk, navigasjon og skipsteknikk. Vi bruker også simulator, køyrer båt og har opplæring i ulike system, samt har vi ein del kurs. Alle eksamenane er skriftlege, vertfall hovudfaga.

Kva liker du best ved utdanninga?

- Det å få lov til å lære om det eg personleg elskar å gjere. Eg likar veldig godt å vera på havet og eg er glad for å ta ei utdanning som kan sikre meg ein jobb på havet.

Eg likar også å læra om korleis å bli ein god leder. Elles likar eg dei praktiske tinga best, som når vi er i simulator og er på kurs.

Kva misliker du ved utdanninga?

- Eg likar ikkje å sitte inne på land med hovudet i skulebøkene, det er ikkje min ting, men det må gjerast det også. Eg kunne også ønske at det hadde vore litt meir praktisk arbeid i utdanninga. Eg snakkar jo her for meg sjølv, men eg trur det eg fleire som er einig med meg. Litt meir variasjon mellom teori og praksis, samt det å lære på litt alternative måtar, hadde vore fint. Vi er tross alt praktiske folk som skal jobbe med noko praktisk.

Kva for personlege eigenskapar er viktige for denne utdanninga?

- Ein må vera fokusert og forberedt på kva ein kan møte. Ein bør kanskje også vera litt strukturert for å klare sjølve utdanninga.

Sjølvstendigheit er noko eg trur eg viktig, sidan ein i slike yrker er mykje vekke frå familie. Mange er vekke halve året og ein må instille seg på å ikkje få med seg alt av bursdagar og slikt. Ein bør nok kanskje vera litt psykisk sterk.

Kva kan du jobbe med når du er ferdig utdanna?

- Ein vert dekksoffiser, i form av styrmann, kaptein eller overstyrmann. Det er som regel slike jobbar ein får etter denne utdanninga. Elles kan ein kan jo ta kurs som gjer at ein blir stabsjef på ein plattform, for eksempel. Ein har eigentleg ganske mange moglegheiter. Det er også mange ulike fartøy som ein kan vera på, så det er berre avhengig av kva ein vil. 

Dekksoffiserstudenten visar fram sjøkart

Tekst: Anita Finne

Innholdsnivå: 
Fagskole
Navn: 
Steffen Eikrem
Alder: 
20 år
Arbeidsplass: 
Fagskolen i Troms avdeling Tromsø Maritime Skole
Sitater: 
Eg likar veldig godt å vera på havet og eg er glad for å sikre meg ein jobb på havet.
Undervisninga består av både av teori og praksis, med fag som matte, fysikk, navigasjon og skipsteknikk.
Yrke: 
Dekksoffiser ved nautisk linje
Illustrasjonsfoto: 
Dekksoffiserstudenten framfor eit sjøkart over Tromsø
intervjutype: 
Utdanningsintervju
Ekstra bilder: 
Dekksoffiserstudenten går igjennom hurtigruta sin alarmplan
Her ser dekksoffiserstudenten på hurtigruta sin alarmplan og sjøkart over Tromsø
Dekksoffiserstudenten og sjøkart over Tromsø

Viewing all articles
Browse latest Browse all 11803