Quantcast
Channel: utdanning.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 11795

Årsstudium i psykologi

$
0
0

Psykologi er det vitskapelege studiet av menneske (og dyr) sin åtferd, inklusive tankar og kjenslar. Åtferd forklarast i psykologien med teoriar som er byggja på vitskapelege metodar. Studiet gir ei innføring i dei psykologiske basaldisiplinane (biologisk psykologi, kognitiv psykologi, utviklingspsykologi, personlegdomspsykologi, sosialpsykologi) i tillegg til ei innføring i psykologien sine metodar og historie. Årsstudiet i psykologi representerer ei utdanning som skal gje ein generell teoretisk kunnskap innan dei psykologiske basalområda med moglegheit for fordjuping i utvalde applikasjonsfelt. Studiet gir også kunnskap innan generell psykologisk forskingsmetodikk.

Opptak til årsstudium gir studierett i eitt år ved fulltidsstudium (60 studiepoeng). Det er 3 måtar å fylle eit årsstudium på:

  1. Ein kan velje årsstudiet i psykologi medrekna ex.phil. og ex.fac., som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet
  2. Ein kan studere eitt år med opne emne innan psykologiske fag
  3. Ein kan fritt setje saman opne emne frå ulike fag ved Universitetet i Bergen

Ein kan altså studere alle opne emne innan dei psykologiske faga eller dei fem obligatoriske emna som kvalifiserer for opptak til psykologstudiet. Dei obligatoriske emna er:

  • EXPHIL: Examen philosophicum. Emnet gir eit overordna filosofisk perspektiv. Føremålet med emnet er å gje ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i vestleg tenkemåte, særleg i høve til psykologiske grunnlagsproblem.
  • EXFAC03P: Examen facultatum, psykologi. Emnet tek føre seg psykologifaget sitt teoretiske fundament, psykologien sitt opphav og den historiske utviklinga av psykologi som vitskapeleg disiplin.
  • PSYK100: Innføring i psykologi. Emnet skal gje eit overordna innsyn i den psykologiske vitskapen. Emnet tek opp psykologien sitt biologiske fundament, om minne, læring, utviklingspsykologi, sosialpsykologi og personlegdom.
  • PSYK101: Generell psykologi 1. Emnet skal gje ei innføring i psykologifaget sitt biologiske og kognitive fundament, kombinert med utviklingspsykologi. Emnet tek sikte mot å gje ei forståing av menneskeleg åtferd og åtferd i andre organismar.
  • PSYK102: Generell psykologi 2. Emnet skal gje ei fordjuping i psykologifaget sitt sosiale fundament. Vidare gir emnet kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom. Kurset inneheld også ei innføring i psykologifaget sine forskingsmetodar.
Programkode: 
ÅRPS
Undervisningssteder: 
Universitetet i Bergen
Studiepoeng: 
60.00
Studiet tilbys ved: 
Studienivå: 
Årsstudium
Studietempo: 
Heltid
Etter- og videreutdanning: 
Nei
Opptakskrav: 

For å søkje opptak til årsstudiet må du ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse.

Opptaksinformasjon: 

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: www.samordnaopptak.no

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudiet i psykologi.

Fagområde: 
Psykologiske fag, andre, uspesifiserte, lavere nivå

Viewing all articles
Browse latest Browse all 11795